Filmanalyse
Mannen som elsket Yngve
Eg har ingen rettigheter til dette bildet, sjå kjelde
nedst.
11) Generell fakta
Regissør: Stian Kristiansen
Sjanger: Drama/Komedie
Premiere:
13. Februar 2008
Spilletid: 1 time 34 minuttar
Originaltittel: Mannen som elsket
Yngve
22) Handling og miljø
Handlinga forgår i Stavanger 1989,
same år som Berlinemuren faller i Tyskland.
Norge blir kald olje-Norge, det er ingen som har mobiltelefoner i lomma
eller internett hemme, folk der går i rosa boblejakker og mange er opptatt av
det politiske. Det er hovudpersonen, Jarle Klepp vi møter i Stavanger 1989. Han
forelskar seg i den nye guten i klassen. Noe som viser seg å sette Jarle i
veldig vanskelege situasjonar framover, kor han begynner å ljuge og oppføra seg
annleis for å komme nærmare denne guten.
33) Karakterar
Jarle Klepp den 17 årige, rødhårete
hovudpersonen vår. Han verkar veldig sikker på seg sjølve og meiningane sine,
som han deler mange av med bestekompisen Helge og kjærasten Katrine. Jarle verker
veldig fornøyd med livet sitt etter han møter disse to. Men så dukkar Yngve
opp, og Jarle blir kjempe forelska. Sjølve oppdagar han at han gjør veldig mykje
får å kome nærmare Yngve og bli kjent med han. Han blir ein «mjukare» person,
og begynner å akseptere meir ting som han elles ville fnyst av. Han blir også meir
usikker for kva Helge og Katrine vil synes og er livredd for at dei vil oppdage
at han er forelska i Yngve. Men når Jarle befinner seg i fleire situasjonar kor
han lyger for å få tid med Yngve, får det ham til å ende opp i enda verre
situasjonar.
Yngve Lima er den nye blonde guten i klassen. Han fremstår som ein veldig
vanlig gut. Men vi får sjå at han er så å seie strake
motsetning til Jarle. Han er veldig beskjeden, stille, spelar tennis og trener
tre gonger i uka. Yngve liker også musikk men ikkje den aggressive sorten. Han
liker å være med Jarle og vi kan sjå at han kanskje følar noko meir for Jarle
også. Men Yngve er mykje vekke frå skulen og ein skjønner kanskje at han ikkje
har det så greitt. Når Jarle seier han er forelska i ham innrømmer Yngve å være
forelska i han og. Etter dette får Yngve eit psykisk samanbrot og blir lagt inn
på sjukehuset.
Helge Ombo er nok den staeste av dei
alle. Han lar aldrig meiningane sine bli usagt, og han er ikkje redd for å seie
dei heller. Han har
halvlangt mørkt hår og svart herrefrakk med buttens, noe som Jarle også adopterer.
Te, popmusikk og kapitalismen kan han ikkje fordra. Sjølv om Helge kan
være ein fornærmande plage er han antakelig verdas beste kompis å ha. Når han
merkar at Jarle lyger å oppfører seg merkelig går han rett på han og vil ha
sannheta.
Katrine som er kjærasten til Jarle
er veldig smart, og har sine meiningar også. Ho er seg sjølve gjennom heile
filmen og likar det litt når Jarle tørr å skifte meining. Kjærleiken ho har får
Jarle er sterk så når Katrine etter kvart i filmen skjønnar at Jarle har brukt
ho får å komme nærmare Yngve blir ho knust. Samtidig vil ho ikkje ha meir med
Jarle å gjere etter ho har gjennomskoda han, sjølv om han verkeleg va forelska
i ho også.
14) Dramaturgi
Filmen startar med ein presentasjon
av Jarle sjølve, kor han snakkar rett til seerne om livssituasjonen sin. Han har
ingen venar, synes folka rundt han er trongsynte, og at han har problema med å
skjønne kva han eigentlig gjer her. Like etter dette møter han Helge som viser seg
å bli ein veldig god venn. Vi spolar nokon månadar framover i tid. Nu verkar
det som den triste tilværelsen til Jarle er snudd helt på hovudet og livet hans
er topp. Han, Helge og enda ein kompis, Andreas har starta Mathias Rust Band
saman. Dei jobbar hardt får å nå drømmen om å bli eit verdens kjent band, og
dele dei politiske meiningane deira gjennom musikken. Det er ikkje berre kompisar
Jarle har fått seg, han har også fått seg kjæraste, Katrine. Men det ikkje Jarle veit er
at han komer til å bli forelska i to stykk på ein gong. Han kunne heller aldrig
gjetta at det ville bli i ein gut han blei forelska i, og at det vil skape så store
problema.
Jarle blir forelska i Yngve som er
ny i klassen. Når han er med Yngve er det som han blir ein mildare utgåve av
seg sjølve. Jarle og Katrine begynnar å spele tennis med Yngve som trener på
det ofte. Helge forstår seg ikkje på dei. Etter kvart merkjer både Katrine og
Helge at Jarle forandrar seg. Jarle er ikkje så bestemt som han var før og han oppfører
seg snillare. Jarle begynner også å lyge for å kome nærmare Yngve. Dette finner
Helge ut etter at Jarle fortalte bandet at han måtte være heime me mor si fordi
ho hadde mista jobben (noko som var sant). Helge ringte heim til Jarle og da fortalte
mora at han var på øving med dei. I mens Helge er på vei til tennisbanen for å
konfrontere Jarle, har Jarle gitt Yngve ein mixe-kasett med ein song han hadde
spelt inn sjølv. Denne songen hadde han eigentleg spilt for Katrine, og var
ment til henne. Så kjem Helge rasande inn og forlangar ein forklaring frå
Jarle. Yngve går derfrå midt i krangelen, usikker på situasjonen, men Jarle er
sikker på at Helge har skjønt at han er forelska i Yngve. Heldigvis visar det
seg at Helge trur han vil slute i bandet, da klarar Jarle og redde forholda med
både Helge og Katrine. Han lovar å skjerpe seg. Den første konserten deira kjem,
og Helge klarar å miste den eine trommestikka midt under konserten, etter at
han og Andreas røykte hasj. Nu er det Jarle sin tur til å bli forbanna, men han
blir ikkje lenge sur. Saman med Yngve blir dei med bort på festen til ein
klassekamerat. Jarle og resten drikker ganske mykje for å gløyme den dårlege konserten,
og får fort festhumøret tilbake. Dette endrar seg når Jarle plutseleg høyrer
ein velkjent melodi. Det er Yngve som har satt på mixe-kasetten han gav han.
Med bygd opp frustrasjon og alkohol i blode går Jarle på Yngve. Katrine og
Helge prøver å roa ham ned. Men Jarle holdar tak i Yngve og kvisker i øyre hans
at han er forelska i han, Yngve kviskrar det tilbake, og Jarle dytter ham frå seg.
Jarle roper ut beskyldningar om at Yngve er homo. Yngve springer derfrå.
Katrine blir rasande på Jarle og drar hun også. Jarle fortsetter å feste som om
ingenting har hent og han ender opp med å ligge med ei anna jente. Ein får sjå
Yngve som spring bortover brua og stiller seg på rekkverket for å hoppe.
Dagen etter finner Katrine Jarle med
den andre jenta, men Jarle husker ikkje at han låg med henne. Katrine blir såra
og rasande igjen. Etter å ha dratt heim, audmyka og trist kjem Katrine tilbake.
Ho har sett gjennom Jarle og seier han berre har brukt ho og vore ein falsk
ein. Det er ikkje noko Jarle kan seie imot. Men verre blir det når Helge
seinare innrømmer at han er med Katrine og at dei har fått eit forhold saman. Helge og Jarle
slåss, og i slåssinga roper Helge at Jarle har gjort Yngve sjuk. At han nesten
har drepe han. Etter dette ser vi ikkje meir til Helge eller Katrine. Vi får
sjå Jarle dra til sjukehuset kor Yngve er innlagt. Yngve blei psykisk nedgrott
av Jarles sinneutbrudd mot ham. Men Yngve er ikkje sint får å sjå Jarle. Han er
glad, og seier han høyrer på kassetten heile tida. Jarle seier unnskyld og at
han ikkje visste. Yngve seier det går bra og spør om dei skal spele tennis på
onsdag. Jarle svarer ja, så begynner han å gråte. Yngve haldar rundt ham og dei
skyssar ein gong.
Det aller siste vi får sjå er Jarle
som sitt på bussen bort frå sjukehuset.
25) Miljøskildring
Miljøet og tidsperioden er veldig
godt understreket her. Musikken er 90- 80-talls musikk, noe som passar godt. De
har gitt hovudpersonane svarte herre frakkar med buttens og halvlangt hår.
Nokon går i svære boble jakker og har kreppa hår. Alt av rekvisittar de brukar
ser ut som de gjorde da. Det er også slangen/språket for den tidsperioden som
gjer at ein føler at man er lengre tilbake i tid. Dei bruker ikkje engelske
ord, eller snakkar om internett og slikt. Rett og slett fordi det var få som
hadde det på den tida.
36) Kamerabruk og Redigering
Heile filmen er filma mest i
normalperspektiv. Nokon gonger er det filma i froskeperspektiv, gjerne i
scenane som er «glade». Når vi får sjå Yngve gjennom Jarles øgne får vi eit nærbilde
av Yngve, nokon gonger spelas det av i sakte film og. Man kan vel kalle
filminga veldig simpel, men det gjer også denne filmen veldig god fordi da får
man godt meg seg kva som skjer i dei forskjellige scenene, og det blir meir spennande
å lese mellom linjene.
47) Fargar
Filmen er filma med farger. Berre
når Katrine tar bandbildar, og filmar dei får vi sjå gjennom hennar kamera som
er svart kvitt. Dei har også brukt litt varm og kald kontrast mellom Jarle og
Yngve. Jarle så ofte med den svarte frakken og mørke bukser, og Yngve så ofte med dei lyse lette kleda og
den same beige jakka. Detter er nok for å understreke enda meir kor
forskjellige dei eigentleg er.
18) Lyd og Musikk
Musikken dei brukar i filmen er 80
90-talls musikken, som songar frå banda R.E.M, Jokke, Mighty Dogfood, Det aller værste og fleire. Disse songane er
får band hovudpersonene høyrer på sjølve og dei gir oss verkeleg ein følelse av
å vare på 90-tallet. Musikken bruker dei også som eit sterkt virkemiddel. Som
eksempel når Jarle spelar tennis den dagen kor han lyg til bande. Da blir han
og Yngve filma i sakte film med ein song som gjer at vi får ein god følelse, og
at forholda deira verkar sterkare når dei spelar på banen. Når de er i
garderoben og med det same vi ser Jarle rekke mixe-kasetten til Yngve stopper
denne songen brått, og vi skjønner at Jarle har gjort noko veldig gale. Dette virkemiddelet
brukar de fleire gonger i løpet av filmen.
Dette er ein link til dei forskjellege
songane som er med i filmen. Eg har ingen rettigheter til disse, sjå kilder
nedst.
29) Forteljer måte
Det er ikkje ein forteljar stemme i
denne filmen, men vi får ein introduksjon av Jarle Klepp i starten. Der snakkar
han inn i kameraet til oss om korleis det er for han å leve i Stavanger år
1989. Elles er filmen scenisk, og vi må tolke handlinga ut i frå det vi ser.
310) Bodskap
Eg trur hovedbudskape i denne filmen
er at kjærleiken kan kome når som helst, og at den absolutt ikkje er noko ein
får til å styre. Eg trur også den prøver å vise kor vanskeleg det kan vere å vere
homofil, og at sjølv om ein er sikker på seg sjølve kan det hende ein får behov
får å endre seg og at det er greitt.
Kilder
Bilde
kilder