torsdag 5. desember 2013

Filmmelding

Mannen som elsket Yngve



Regissør: Stian Kristiansen

Sjanger: Drama/Komedie

Premiere: 13. Februar 2008

Spilletid: 1 time 34 minutter      

Originaltittel: Mannen som elsket Yngve



Ein av dei beste filmane eg har sett innan norsk filmhistorie!


Denne  fantastiske filmen bringer deg tilbake til Stavanger i 1989 kor  vi møter Jarle Klepp som er hovudpersonen. Han har eit sterkt band til bestekompisen sin Helge, som igjen er svært knyta til det politiske samfunnet. Det verkar som Jarle er ein sjølvsikker 17åring som veit kva han held på med. Han har også verdas beste kjæraste, Katrine. Saman er dei tre ein sterk gjeng som likar å  utfordre samfunnet, meine det verste, feste og diskutere. Men midt oppi Jarles tilsynelatande fornøgde tilværes kjem ein uventa person inn. Sjenerte Yngve som den nye guten i klassen. Vi får med ein gong følelesen av kor gripen Jarle blir av Yngve, og sjølv forstår han fort at han er blitt forelska. Det han ikkje kan forstå er at det er i ein gut. Dette snur livet hans heilt på hovudet og vi får sjå ein Jarle som må revurdere kven han eigentleg er. Han gjer alt for å kome nærmare Ynge, skiftar på personlegheita si og delar ut løgnar, som gjer det vanskeligare for han seinare i forholda til kjærasten, bestekompisen og bandet deira Mathias Rust Band, som er drømmen.  

Regissøren Stian Kristiansen har gjort ein suveren jobb med denne filmen! Ein følger med gjennom heile filmen mens ein både ler og griner. Rolf Kristian Larsen, som har hovudrollen som Jarle Klepp, spelar utroleg bra, alle dei følelsane han klarer å bringe fram i deg. Den sjølvsikre og den usikre Jarle, spelar han like truverdig. Så har vi Arthur Berning som kompisen Helge Ombo. Det er umulig å ikkje bli gla i den stae, storkjefta karakteren med sine fornærmande kommentarar, men som innerst inne er ein gullklump. Kjærasten til Jarle er ei jente med like sterke meiningar som Helge sjølv. Når ein ser Ida Elise Broch i rolla hennar, får ein verkelig følelsen av sjølvsikkerheten og rettferdigheta til Katrine. Blonde  Ole Christian Ertvaag passer perfekt i rolla som den sjenerte, stille Yngve som spelar tennis. Strake motsetinga til Jarle!

 Noko av det beste med heile filmen er musikken! Her har dei brukt 80- og 90-talls musikk, som hovudpersonane er veldig opphengde i. Dette gjer at ein verkeleg får følelsen av å vere i år 1989. Kor det er nye olje-Norge, arbeidsledige og Berlinemurens fall i Tyskland. Musikken setter verkeleg stemninga her!

Sjølve filmen er basert på Tore Renbergs fantastiske roman med same tittel. Filmen er veldig tro mot boka, og eg som har lest boka fekk same gode (og vonde) følelsar av filmen. Detter er for meg eit veldig stort pluss, og som terningkast gir eg 6 til filmen!


Kilder

Bilde kilder


1 kommentar:

  1. Jeg synes du har veldig gode beskrivelser om filmen og får meg virkelig til å lese den!

    Jeg liker at du er veldig engasjert i teksten og får fram mye følelser

    Det jeg ville ha endret er kanskje å kutte litt tidligere i avsnittet om handlingen i filmen for å skape mer spenning og lyst til å se filmen!

    Veldig bra :D

    SvarSlett